Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Onsdag morgon blei det registrert eit større straumbrot i Bjørnafjorden kommune.
Onsdag morgon blei det registrert eit større straumbrot i Bjørnafjorden kommune.
Brot blei registrert ved Søfteland klokka 07.57.
Klokka 08.45 er 1405 kundar utan straum, opplyser BKK til BA.
Selskapet jobbar med feilsøking for å finne årsaka til brotet.
Problemet er forventa løyst innan klokka 11.00
Cirka klokka 09.00 har dei fleste fått tilbake straumen.
Ifølge straumkartet er framleis bustadar i Gåssandområdet utan straum.

Klokka 14.05 hadde alle bustadane fått tilbake straumen.
– Vi hadde brot tidlegare i dag. Det var ein feil på linja som vi har brukt dagen på å reparere og alle har no fått straumen tilbake, fortel presseansvarleg frå BKK.





