Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

DEBATT: Bjørnafjorden har potensiale til å klatre fleire hakk i Kommune‑NM, men då må vi vere utålmodige.
Fredag kom resultata frå NHO sitt Kommune-NM.
Bjørnafjorden fekk ein heiderleg 7. plass i Vestland og 43. plass nasjonalt.
Venstre meiner det er gledeleg at vi ligg så høgt, men tala må lesast med ei klype salt.
At vi kjem så godt ut på næringsliv handlar først og fremst om at vi ikkje har eigedomsskatt, ikkje nødvendigvis at kommunen legg betre til rette enn nabokommunane våre.
På andre område ser vi eit heilt anna bilete. Vi fell ned til 141. plass på arbeidsmarknaden og 169. plass på kompetanse.
Det betyr at vi har færre arbeidsplassar i forhold til folketalet, høgare sjukefråvær og færre med høgare utdanning.
Bjørnafjorden har eit mangfaldig næringsliv, men vi manglar det solide fundamentet som skal til for å skape varig vekst. Difor må vi ikkje slå oss til ro med plasseringa.
Vi bør heller bruke resultata som eit utgangspunkt for å stille spørsmålet om korleis vi kan styrke Bjørnafjorden på dei områda der vi faktisk heng etter.
Det er mange ting å ta tak i i Bjørnafjorden:
Bjørnafjorden har potensialet til å klatre fleire hakk i Kommune‑NM, men då må vi vere utålmodige.
Å skapa eit mangfaldig og livskraftig næringsliv er ikkje berre ein konkurranse. Det er grunnlaget for arbeidsplassar, skatteinntekter og berekraftige lokalsamfunn.
Bram Timmermans og Vegard Strønen
Bjørnafjorden Venstre





