
Klokka 14.21 fekk politiet melding om ein båt på rek.
– Båten driver ved Skåtholmen utanfor Vinnes, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Meldar har observert båten på avstand.
– Det er ikkje sett personar i tilknyttning til båten.
Det er ukjent kva merke båten er. Den har ein påhengsmotor som er vippa opp.
Politiet ønsker tips om eigar eller annan informasjon som kan vera nyttig.
Har du tips i saka så kan du kontakta politiet på telefon 02800.





