Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Politiet ber om tips etter tjuveri av ein grøn elektrisk tandemsykkel i Os natt til onsdag 17. desember.
Sykkelen stod ved ein bustad i Sveo då ho blei stolen. Ladaren som høyrer til sykkelen er også stolen.
Ifølge politiet er det snakk om ein kostbar og spesialtilpassa sykkel som er eigd av Hjelpemiddelsentralen.
Politiet ønsker tips frå publikum.
– Dersom nokon har observert, eller observerer sykkelen, eller har andre relevante observasjonar, ønsker politiet tips, seier politioverbetent Thomas Evensen Juulseth ved Bjørnafjorden politistasjon.





