Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Både kommunen og barneskular får økonomisk støtte.
I haust fekk Bjørnafjorden kommune 260.000 kroner av Trygg Trafikk til å merka opp permanente sykkelbanar på uteområdet til 13 skular.
No deler Vestland fylkeskommune ut midlar til trafikktryggingsaktivitetar.
Dette inkluderer alt frå lokale sykkelskular, rebusløp for russen og refleksaksjonar – i alt 3.028.000 kroner fordelt på 103 tiltak.
Det er trafikktryggingsutvalet i Vestland fylke som gir ut tilskotet etter møte i utvalet tysdag i førre veke.
– Vi har lagt stor vekt på aktivitetar som ikkje berre gir kunnskap, men òg trening og refleksjon. Slik kan vi bidra til trygg og omsynsfull åtferd, enten du er på veg til skulen, ungdom bak rattet eller eldre bilførar, seier Arve Helle, leiar for Trafikktryggingsutvalet, .
I lista over dei 103 tiltaka finn vi fleire mottakarar frå vår kommune.
(Mengda kurs i parantes)