Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Klokka 01.30 natt til tysdag blei ein. bilist stoppa etter fartsmåling på E39.
– Vedkomande, som er i 30-åra, blei målt til 110 km/t i 80-sona på Halhjemsvegen, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Det gir eit forenkla førelegg på 13.050 kroner og tre prikkar på førarkortet.
Køyrer du i 111 km/t blir det 15.600 kroner, og frå 116 km/t er det førarkortbeslag.





