Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Organisasjonar og foreldregrupper kan søkja.
Lag, organisasjonar og foreldregrupper, i samarbeid med skular, kan no søkja om til saman to millionar kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til «trygge og inkluderande russearrangement».
Arrangement som får støtte, må arrangerast anten mellom 14. og 17. mai, eller etter eksamenstida.
Det er òg visse andre vilkår:
Kommersielle aktørar kan ikkje søkja om midlane, .
Søknadsfristen er 15. februar.
Dette er tredje året ikkje-kommersielle aktørar kan søkja fylkeskommunen om støtte til trygge russearrangement.
Russetida er i endring.
Hovudutval for opplæring og kompetanse gjorde vedtaket 22. januar 2025. Kunnskapsdepartementet flytta samtidig to av dei skriftlege eksamenane til før 17. mai.
Det langsiktige målet er at starten på russefeiringa blir i midten av juni.
Frå 2026 er det også eit i russebussar for auka tryggleik. Forbodet tredde i kraft 1. januar i år.
Høgdepunktet for mange, Landstreffet i Stavanger (Kongeparken i Ålgård), er utselt.
Det 39. treffet i Kongeparken går av stabelen 1. til 3. mai i år.
Årets artistar på Landstreffet er: Timmy Trumpet, Undergrunn, Soppgirobygget, TIX, Ballinciaga, Arif & Stig, oskar med k, Killen. og Møkkafønk.





