Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Politiet gjekk klokka 19.11 ut med etterlysing av ein 14 år gamal gut.
– Han er autist og liker å ta buss og bybane, uttaler operasjonsleiar Morten Rebnord.
Etterlysinga går ut i Bergen og omland.
Han er iført ein stor blå hjelm, svart og blå boblejakke av merket North Face og brune sko.
Politiet ber dei som har sett guten eller har relevant informasjon kontakta politiet på telefon 02800.
OPPDATERT kl 22.06: Det er sett i verk redningsaksjon. Politiet fekk for kort tid sidan tips frå ein bussjåfør som meinte at han hadde observert sakna på Loddefjord terminal i 18.45-tida. Personell frå RK, Norsk folkehjelp, Norske redningshunder og politiressursar vil søkja etter sakna i Loddefjord og omland. Oppmøte for søkpersonell er Sandgotna skole.
OPPDATERT kl 22.25: Guten er funnen gåande langs vegen i Straumsgrend. Ein bilist som kjente han igjen stoppa og tok kontakt. Guten var kald, men er uskadd.





