Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Mens det var nesten samanhengane opphald frå 20. april til 20. mai, har det vore meir enkeltvis med sol og varme i juni, som laurdag for ei veke sidan.
Men i overgangen til juli ligg det an til å tørka opp.
Det regna tungt i Os søndag formiddag, og det er meldt meir nedbør utover dagen.
Men det skal letta.
Yr melder opphaldsvêr frå klokka 14, Storm melder skyfri himmel frå klokka 20.
Temperaturen skal ikkje i vêret, men halda seg på 13-14 gradar.
Med unntak av tysdag morgon skal det halda seg tørt og lettskya samanhengande til fredag morgon.
Det skal òg bli noko varmare, men det ser ut som om vi må nøya oss med 17 gradar på det varmaste.





