Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Os hadde taket på serieleiar Bjørnar, men innspurten gjekk ikkje deira veg.
Os slo Halden 37-30 i det som var sesongens siste heimekamp. Då sto to tøffe bortekampar igjen, mot serieleiar Bjørnar og tabelltoar Fyllingen.
Kampen mot Bjørnar gjekk i dag.
Heime i november vann Os 29-24, i dag leia Os 3-0 i starten og 9-8 til pause.
Bjørnar starta 2. omgang bra, og gjekk opp i 12-10.
Men Os heldt følgje til 14-14 og 17-17, men tok ikkje tilbake leiinga før det sto 28.24 på klokka.
Heimelaget utlikna til 21-21 då det sto 47 sekund igjen.
Os tok timeout, men klarte ikkje å hindra Bjørnar frå å skåra det siste halve minuttet.
Dermed reiser Os heim utan poeng.
Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø blei dagens toppskårar på Os med 5 mål, Emilia Giske og Marita Ylvisåker Aaberg skåra 4 kvar.
Os sin tropp:
Siri Eide Børtveit
Elise Thompson Amundsen
Selma Sümer Mutlu
Emilie Hjertnes Halhjem
Malene Lunde Bystøl
Nora Hjertnes Halhjem
Maren Evensen
Tiril Arnøy Høyheim
Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø
Synne Seilen
Emilia Giske
Maja Dale Fehn
Marita Ylvisåker Aaberg
Nora-Sofie Skåtøy Kvernes
Laurdag 25. april er det seriefinale i 2. divisjon. Os speler sesongens siste kamp mot Fyllingen i Framohallen.





