Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Uhell i 80-sona natt til laurdag.
Natt til laurdag fekk politiet melding om ei hjortepåkøyrsle på E39 ved Skogafjellstunnelen.
Viltkontakt blei varsla.
– Eg fekk ein prat med bilførar på staden, seier viltkontakt Hans Tore Eide.
Vedkomande hadde kome køyrande i 80-sona ut av tunellen, retning frå Bergen mot Halhjem, då ein hjort hadde kome frå venstre, altså nordgåande køyreretning, inn i sida på bilen.
– Hjorten var vekke då vi kom fram. Den blir skildra som eit ungt dyr. Hjorten heldt seg på beina etter samanstøyten og stakk til slutt mot Ulvenvegen og opp i Svegane.
Det blei utført søk, men hjorten blei ikkje funne. Det var heller ikkje blod i sporet.





