Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

DEBATT: Då lysa vart sløkte i konferansesalen på Gardermoen den 22. oktober, stilna det heilt.
Bu trygt heime-reforma vart offentleggjort for eit år sidan. Den 22. oktober 2024 var det ei stor samling på Gardermoen der ein entusiastisk helseminister i spissen for heile 7 departement presenterte reforma.
Eg merka meg følgande slagord frå statsråden:
Ja, reforma er flott den, på papiret, med fire satsingsområde:
1. Levande lokalsamfunn
2. Bustadtilpassing og planlegging
3. Kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
4. Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
Under satsingsområde 1. «Levande lokalsamfunn» kan vi lese at Reforma handlar om å utvikle levende og aldersvennlige lokalsamfunn.
Som ein del av reforma lanserte Regjeringa: Program for et aldersvennlig Norge i 2030.
Programmet skal bidra til flere sosiale møteplasser, aldersvennlig transport, aldersvennlig frivillighet og planlegging for en bedre alderdom.
Reforma skisserer fleire sentrale tiltak:
26.september i fjor lanserte regjeringa sin nye digitaliseringsstrategi.
Men, og det er eit stort men her: vi eldre er berre nevnt i eit lite avsnitt i strategien, og ikkje eit ord er sagt om korleis dei meir enn 600’ som ikkje er «digitale» i dag skal komme med.
Då lysa vart sløkte i konferansesalen på Gardermoen den 22. oktober, stilna det heilt.
Eg har ikkje registrert eit einaste nytt tiltak, varsel om nye ressursar eller nye tilskot.
Det er vel ute i kommunane og i lokalsamfunna reforma skal setjast ut i livet, men for å få det til i praksis må det løyvast midlar frå den rike staten til det fattige kommune-Norge.
Har regjeringa gløymt oss?
Bjørn Sivertsen
Bjørnafjorden Senior Høgre





