Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Står du i manntalet? Har du flytta etter 30. juni?
Manntalet i Bjørnafjorden kommune blei lagt ut til ettersyn i Kommunetorget på Bjørnafjorden Rådhus og Kommunetunet i Eikelandsosen frå torsdag 10. juli.
Krav om retting av feil, oppdaga feil eller klage skal sendast til Bjørnafjorden valstyre.
– Det er ikkje ofte det er feil i manntalet, men vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at dette kan skje, .
Manntalet er ei liste over alle personar som har stemmerett ved val i Noreg. Informasjon frå folkeregisteret ligg til grunn for manntalet.
Krav om retting av eventuelle feil gjeld ikkje for veljarar som har flytta etter 30. juni. At du flytter etter denne datoen, og dermed står manntallsført i ein annan kommune enn der du er registert som busett på valdagen, er nemleg ikkje feil.





