Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:







– Konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vera større, seier seier Henrik Wiedswang Horjen.
Det er sendt ut farevarsel om svært kraftige vindkast i store delar av Vestland frå søndag og natt til måndag.
Det er meldt kuling frå i kveld til tysdag formiddag, då skal vindstyrken ned frå 10 til 6 m/s igjen.
Frå klokka 01 til 04 natt til måndag er det òg venta snø.
Sterk vind kan skapa utfordringar for straumforsyninga som følgje av at gjenstandar eller tre skader straumlinjene. BKK aukar beredskapen og styrkjer bemanninga frå søndag for å sikra straumforsyninga.
– Vi har alltid folk på jobb og rykkjer ut så raskt som mogleg ved straumbrot. No aukar vi bemanninga både inne og ute for å vera best mogleg førebudd, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonsrådgivar i BKK.
– Dei førebelse vêrvarsla antydar ikkje like sterk vind som kva vi opplevde under Amy, men konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vera større, særleg med tanke på kuldeperioden vi har vore gjennom. Vi vil derfor oppmoda til å gjera ekstra forholdsreglar i tilfelle straumbrot, seier Horjen.
Dersom det oppstår ein situasjon der straumlinjer blir skadd og fell ned på bakken ber BKK om at publikum held avstand av omsyn til eigen tryggleik.
For å melda inn farlege forhold knytte til straumnettet kan BKK kontaktast på telefon: 55 12 71 77