Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Gratis for alle: No kan du lasta ned og bruka app til å lesa lokale nyhende frå Midtsiden. Skru gjerne også på varsel.
Midtsiden har vore gjennom fleire tekniske oppgraderingar og redaksjonelle utvidingar det siste året.
I dag har vi gleda av å lansera vår eigen app.
Det betyr, mellom anna, at du kan få pushvarsel når det skjer noko du brått bør få veta om - eller i det vi publiserer er sak vi reknar med det er stor interesse for.
I appen finn du naturlegvis òg kontaktinformasjon, om du for eksempel vil tipsa oss eller har spørsmål.
Appen er gratis og tilgjengeleg for alle, men for å få tilgang til alle sakene må du vera abonnent.
OBS! Du kan ikkje teikna abonnement i sjølve appen, dette må du gjera på Midtsiden.no i ein nettlesar på mobil, nettbrett eller pc.
Dersom du har problem med å lasta ned appen, eller treng hjelp med noko, kontakt oss på support@midtsiden.no.