Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Laurdag klokka 20.17 rykte Bjørnafjorden brann og redning ut på melding om pipebrann i Lysefjorden.
Det var folk heime på adressa, som er nær krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen, og dei fekk sjølv stengt trekket på omnen.
– Det er ingen røyk i huset, opplyste 110-sentralen.
Klokka 21.09 var brannen sløkt og sot fjerna.
– Dei er i ferd med å avslutta på staden, men vi skal nok ut igjen med feiar seinare, truleg på måndag, for å gå over skorsteinen meir grundig, seier varabrannsjef Erik Walden til Midtsiden.
– Kan dei bu i huset gjennom helga?
– Eg er ikkje sjølv på staden, men det vil eg tru ut frå informasjonen som har kome til no.





