Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Hjelpekorpset skal testa utstyr. Dei vil samtidig skapa stemning for dei som er på isen.
Hjelpekorpset i Os Røde Kors vil på isen med lyssøyla si igjen, ei rundt 5 meter høg pølse med katastrofebelysing er del av utstyrsparken deira.
Både i 2021 og 2024 var det mange som samla seg rundt lyset på Banktjørn.
Denne gong er det Ulvenvatnet som står for tur, ved Os Roklubb, rett nedanfor Røde Kors-huset.
– Vi er fem-seks frå hjelpekorpset som stiller. Lyset blir tent klokka 18, seier Cecilie Baggen frå Os Røde Kors.
– Folk har spurd oss om ikkje vi kan ta ut dette lyset igjen, no når forholda er så fine. Det er fint for oss å både testa utstyr og beredskap, og å vera med på å gjera skøytekvelden litt lysare.





