Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Politiet opplyser at det er oppretta straffesak og tatt beslag i diverse utstyr som blei nytta i samband med uhellet.
Måndag føremiddag fekk politiet melding om eit sprengingsuhell i Kuvågen.
– Vi fekk melding om ei ulykke i samband med bergsplitt i ein hage i Kuvågen. Det resulterte i at det spruta ein god del stein i alle retningar, men heldigvis blei ingen skada, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet var på staden og gjorde nødvendige undersøkingar.
– Det er oppretta straffesak og det er tatt beslag i diverse utstyr som blei nytta under sprenginga, fortel Birkeland.
Ein person som var vitne til ulykka fortel at han høyrde smellet og såg ei støvsky sveve mot fleire hus i nabolaget.
Han forklarer at etter ein har lagt sprengstoffet, koblar ein til kablane. Før desse blir kobla til tenningsapparatet, skal det leggast på matter i tilfelle noko går gale.
– Det har antakelegvis vore ein feil på apparatet, og så var ikkje mattene på. Hadde mattene vore på så ville det ikkje skjedd noko gale, fortel vitnet på staden.

Entreprenøren som utfører arbeidet fortel at tenningsapparatet er tatt i beslag av politiet, og skal undersøkast for feil.
– Det gjekk fort og gale, seier vedkommande som stod for sprenginga.
– Vi var ikkje komne så langt at vi hadde fått lagt mattene på, og så har det nok vore noko feil på tenningsapparatet, supplerer entreprenøren.

Naboen som fekk stein på taket fortel at det rista godt i huset.
– Det har heldigvis gått veldig bra, ingen blei skada, seier naboen.





