Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Eigedom, sjukeheimslege, vegbygging og makrellstørje er blant sakene som fenga i Os i fjor.
Midtsiden hadde i alt 1,6 millionar unike lesarar i 2025, ein auke på 166 prosent frå året før.
Mengda lesne sider gjekk opp med 96 prosent.
Sal av store, små og historiske eigedomar – og opning og stenging av daglegvarebutikkar – var blant det som fenga lesarane mest.
Men òg alvorlege saker om ulykker, sjukeheimslege og rettstvistar fenga.
Her er 20 av dei mest lesne sakene våre i året som nyleg var over. Nokre av sakene som ikkje er tatt med er oppfølging, eller starten på, saker som blei ein serie.
1. Ei sak om hengar med høg last skapte debatt:
2. Uheldige samantreff og noko som likna urettvis behandling:
3. Fleire har vore uheldige i trafikken. Denne saka fekk ekstra merksemd:
4. Fleire av sakene om sal av bustaden på Lyngheim er på topp 20-lista. Den første, intervjuet med seljar, ligg øvst:
5. Ei tragisk dødsulykke i Fusa:
6. Saker om sjukeheimslegen i Bjørnafjorden prega nyhendebildet i haust:
7. Dei rydda boss langs vegen, men fekk først beskjed om at dei ikkje hadde lov. Søsknene fekk seinare både ros og støtte:
8. Forlenga del av Drangsvegen, Åsen-Hellleskaret, opna 31. august. Fleire av sakene blei godt lese, ikkje minst køyreturen vår på traseen to dagar før opning
9. Rema 1000 Lysekloster opna i eine enden av den nye vegtraseen. Intervju med kjøpmann blei ein bestseljar:
10. Fleire saker om sal av ekstra små bustadar hamna på lista. Denne hamna øvst av dei små:
11. Mens Rema 1000 hadde nyopning blei Bunnpris Vedholmen Landhandel stengt. Det blir jobba med nytt butikkbygg, avgjerd er venta å koma i januar:
12. Nokre er heldige, mange unner andre å ha flaks. Gevinsresultat spreiier seg fort:
13. Lothepus har vore i Os før, både for å spelar konsert og demonstrera fyrverkeri. I år kom han til AMFI Os for å signera bok. Boka har selt godt, det gjorde omtalen òg:
14. Ikkje alle med grøne skilt svinger av når det er skilta for varebilkontroll. Reglane er dessutan skjerpa frå 1. januar i år:
15. Mange drøymer om bustad ved sjøen. Førehandsomtalen var på 15. plass, bodrunden enda med rekordpris:
16. Det er ikkje berre dei dyraste husa som skaper interesse. Også sal av 51 kvadrat blei ei toppsak:
17. Det blei ein stor aksjon, ein lengre periode med uvisse og eit tragisk utfall då eit småfly blei meldt sakna, sist sett over Vinddalsvatnet:
18. For nokre år sidan var kval på Storum ei stor sak, men òg breiflabbar som strandar kan ha noko mystikk over seg:
19. Ein erfaren yrkesfiskar, Johannes Røttingen med mannskap, fekk oppleva ein fangst av dei sjeldne:
20. Mange av sakene som endar i retten er straffesaker, andre er tvistesaker, gjerne med eit noko komplisert bakteppe:
Vil du ha fleire oppsummeringar? Då kan du trykka på eitt av emna i hovudmenyen eller sjå alle emna vår her.
Os Sogelag si bok «Osingen» har dessutan kavalkade med ei handfull saker frå kvar månad gjennom året.





