Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Politiet opplyser klokka 13.57 om trafikkuhell i Idrettsvegen.
– Det er ei påkøyrsle bakfrå, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.
Nødetatane er på veg til staden.
Oppdatert: Det er ikkje i Idrettsvegen, men på Byvegen nær Gymnasveien uhellet skjedde. To varebiler har kollidert. Politi og ambulanse er på staden.
Begge bilane hadde retning frå Os. Den eine skulle inn Gymnasveien, og bremsa for å venta på ledig luke. Bilen bak klarte ikkje å stoppa.
– Dei involverte personane framstår som uskadde, opplyser politiet på staden.





