Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Du kan røysta i alle vallokala i kommunen, ikkje berre i krinsen du bur i.
I dag, måndag 8. september, er det stortings- og sametingsval 2025.
Fredag var siste dag for førehandsrøysting, og i dag er siste sjansen til å bruka stemmeretten.
Alle vallokala i Bjørnafjorden kommune held ope frå klokka 10 til 21.
Alle som er manntalsført i Bjørnafjorden kommune, og som fyller 18 år innan utgangen av 2025, kan røysta i dag. Du kan røysta i alle vallokala i kommunen, ikkje berre i krinsen du bur i.
Det blir halde både stortingsval og sametingsval. For å delta i sametingsvalet må du stå i Sametingets valmanntal.
Du må hugse å ta med legitimasjon med bilde som til dømes pass, id-kort eller førarkort. Elektronisk førarkort er også gyldeg.
Stemmer frå vallokala blir telte opp måndag kveld.
Førebelse resultat for kommunen blir offentleggjorde fortløpande frå klokka 21 og utover kvelden.





