Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Skal riva og montera rekkverk.
Statens vegvesen skal riva og montera nye rekkverk dei to neste kveldane og nettene.
Arbeidet startar klokka 21 om kvelden og varer til klokka 06 neste morgon.
– Det blir manuell trafikkdirigering. Arbeidet vil medføra noko støy, vi beklager ulempene, skriv vegvesenet i ein epost til redaksjonen.
Varselet gjeld frå i kveld, torsdag, til laurdag morgon.
Dei aktuelle områda er nær Lepsøykrysset og nær Halhjem ferjekai, ifølgje dei to kartutsnitta over.
Arbeidet er på/langs E39. Om sidevegane blir råka er uvisst.





