Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Oppmodar innbyggarane å sjekka kartet, oppmodar eigarar å sjekka at den er merkt av.
Torsdag 16. oktober var «Den internasjonale hjarte- og lungeredningsdagen».
Os Røde Kors og Fusa Røde Kors markerte dagen ved å oppmoda alle som eig ein hjartestartar om å sjekka kartet i Hjertestarterregisteret og sjå om dei finn hjartestartaren sin.
– Om ikkje, logg deg på og oppdater informasjonen, seier Kristian Strønen frå Os Røde Kors.
Ved hjartestans er det avgjerande å starta med hjarte-og lungeredning så raskt som mogleg.
Men det åleine er som regel ikkje nok til å få hjartet til å slå igjen.
For å få tilbake normal hjarterytme trengst ein hjartestartar.
– Statistikken viser at dess raskare det skjer – dess større er sjansen for å få liv i pasienten igjen.
Oversikta over kvar hjartestartarar er, finn du i Hjertestarterregisteret, hjertestarterregister.113.no og i appen «Hjelp 113», som du gratis kan lasta ned på telefonen din.
Det er også dette registeret AMK-sentralane bruker når du tar kontakt på nødtelefonen 113.
Røde Kors tilbyr å hjelpa eigarane med registreringa.
For at hjartestartaren skal kunna visast på kartet over aktive hjartestartarar må eigaren ha registrert han – og ha oppdatert registreringa – kvar sjette månad.
Viss ikkje dette blir gjort så blir den sett på som inaktiv.
Ein inaktiv hjartestartar er ein som har vore registrert i Hjertestarterregisteret, men der eigaren ikkje har oppdatert informasjonen.
Den blir då ikkje vist lenger på kartet over tilgjengelege hjartestartarar – verken i appen eller på nettsida.
– Os Røde Kors og Fusa Røde Kors kan administrera hjartestartaren for deg – vederlagsfritt.
No administrerer Os Røde Kors 16 hjartestartarar for offenlige institusjonar, bedrifter, lag og organisasjonar.
– Vi tar gjerne ansvaret for din òg, om han er ein av dei som er tilgjengeleg døgnet rundt.
Strønen oppmodar òg innbyggarane om å læra seg både hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartar.
– Vi arrangerer kurs for bedrifter, skular, velforeiningar, lag og organisasjonar gjennom heile året. Inntektene frå desse kursa hjelper oss å driva beredskap året rund.
Så langt i år har lokalt Røde Kors lært opp over 260 personar til å bruka ein hjartestartar.





