Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Etter ein grå periode med tett mellomrom mellom regnbygene, er det måndag ettermiddag i ferd med å klarna opp.
No ventar over ei veke med opphaldsvêr.
Dei fleste dagane skal dessutan bli solrike.
Det er meldt opphald til og med neste måndag. Dei fleste dagane blir lettskya, torsdag blir overskya og laurdag er det venta skyfri himmel.
Temperaturen skal stiga frå dagens 11 til 15-16 gradar.
Yr melder rundt 2 m/s i vindstyrke tysdag, Storm melder 5 m/s. Begge melder 2-3 m/s dei neste dagane.





