Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Oppdaga restar etter bål inntil bod i barnehage.
Tysdag fekk politiet melding frå ein barnehage på Nore Neset.
– Dei oppdaga restar av eit bål inntil eit skur som dei har utstyr i, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Politiet ønsker opplysningar om personar som er blitt sett i området mellom måndag klokka 16.30 og tysdag klokka 07 på morgonen.
– Det har vore fleire branntilløp i området den siste tida. I samband med nokre av dei andre så har vi namn på fleire gjerningspersonar.
Politiet har vore ute på to tidlegare hendingar. Det er oppretta sak på begge.
I går kom det òg melding om hærverk på ein gapahuk i same nabolag, i Skorvane.
– Tre mindreårige hadde tent og sløkt fyrstikker, slått i veggane og tent på ein caps i ei bålpanne utanfor gapahuken.
– Foreldre blei kontakta og det er oppretta sak.





